Hei! Velkommen til Olivias Rekorder sin hjemmeside.
Her vi vil publisere informasjon om våre artister og arrangementer
Håper du vil følge oss!




Informasjon om oss:

Me, Maria Refsland og Synneva Gjelland, kom over Olivia Records i vår søken
etter musikk laga, skrive, spelt og produsert av og for damer. Etter å ha lest oss opp,
funne ut av det radikale plateselskapets mål og bakgrunn, utforska kven artistane var
og høyrt på deira tekstar og melodiar, forsto me at dette var noko for oss, og
at me ønska å gjere det samme.

I Noreg finst det ingen plateselskap som gjer det Olivia Records gjorde.
Skeive og kvinners erfaringar er mangelvare i populærkulturen, og me treng difor
ein solid og sterk platform som kan gje legitimitet til våre perspektiv og opplevingar,
og distribuere skeiv og kvinneleg tekst og musikk til offentlegheita.
Verda treng Olivia Records, denne gongen gjenfødd som eit norsk radikalt,
skeivt og kvinneleg plateselskap - Olivias Rekorder.

Olivia Records var eit plateselskap for kvinner grunnlagt i 1973 i Washington DC
av, "10 unge radikale, lesbiske feminister som ønsker å forandre verda" som
medstiftar Judy Dlugacz uttrykte det. Olivia Records selde meir enn ein million
plater og produserte over 40 album i løpet av dei tjue åra det var i drift, og nettopp
økonomisk frigjering for kvinner i musikken var eit viktig mål. Ein ønska å ha
eit plateselskap som kunne putte pengar i lomma til skeive musikarar, produsentar,
studioteknikarar og andre involverte. "Dei leitte eigentleg etter ein sosialistisk
satsing i ei kapitalistisk verd," har Cris Williamson, ein av de mest selde artistane
hjå Olivia, uttalt.

I ei tid der det å vere skeiv var forbunde med fare for å miste familie, heim, jobb,
og til og med livet, opplevde ein at det ikkje fanst ein stad i popkulturen der dei
kunne sjå seg sjølv og sin historie representert. Olivia Records blei laga for å fremje
musikk som validerte kvinner og lesbiske sine opplevingar. Olivias grunnleggarar ønska
å putte desse erfaringane i sentrum, og gje dei skeive kvinnene ein moglegheit til å bruke
si eiga røyst. Siden 1990 har Olivia vært et reiseselskap for LGBTQ+-kvinner.


Våre artister


Kor faen blei det av Norge?!
Under Navnefestivalen 2019 kunne ein sjå eit lite "tingingsverk" på utescena til Tre Brør
Kafé på Voss.

Kor faen blei det av Norge?! framført og laga av Synneva Gjelland og Maria Refsland, var ei
framsyning der dei prøvde seg på ei øving i male entitlement gjennom å spontanopptre med eit
prosjekt dei laga i eit bedehus natt til konsertdagen.

Ønsket var å ende opp med å høyrast ut som Alwanzatar og KUUK, men begge vedgjekk at dei med
all sannsynlegheit kom til å ende opp med å høyrest ut som Frida Ånnevik og Maud Lindström.
Om alt skulle gå til helvete var plan B å servere akustiske versjonar av låtane frå bandet
Sliteneliten som dei begge er med i.

Det vart ikkje behov for plan B. Resultatet blei eit verk som som byr på innsikt i både
musikalske og tverrpolitiske tendensar om kor faen det blei av det landet som ein
ei gong kalla Noreg.