Kor faen blei det av Norge?!


Kor faen blei det av Norge?! er Synneva Gjelland og Maria Refsland,
og dei (altså vi ;-)) lagar sagaplater smekkfulle av hits og besnærande forteljingar.



Duoens fyrsteplate «Sagaen om kor faen det blei av Norge» er ein storstilt saga om nettopp det, kor faen det blei av Norge. Etter å ha debutert med eit tingningsverk som blei til i eit bedehus på Bordalen dagen før, fylgd av fleire seine kveldar med nylongitar og ustemt piano er sagaen no klar for å gå inn i framtida og æva. Dei to presenterar historia om det sagnomsuste landet Noreg og kva det var som kunne gå så gale at det heile forsvann og gjekk opp i røyk. Eposet vert akkompagnert av slagkraftige og melodiske basstonar, klaverklang og gitarplukk, samt ein utpint saksofon og fagert kvad. Det er med finurlege formuleringar forteljingane tek lyttaren med inn i røynda og kvardagen til dei som fann sin heim i Norges land, og opplevingane og hendingane som vert presenterte er både tragiske, romantiske, opprivande og varmande. Det er tydeleg at folket her berre ville det beste for sine medmenneske, men at det ikkje alltid var heilt lett å få til.

På den andreplata «Dating i det tjuefyrste århundre» gjer dei lyttaren eit innblikk i samtidas relasjonshistoriar. Frå tinder til puben, rosa skyer til hjertet på fjøla – plata er forteljingar om korleis dating, forhold og den evinnelege jakta på tosamheita pregar oss og korleis me forheld oss til andre. I ein kontekst basert på eigne erfaringar tematiserar plata òg den politiserte kjærleiken, kven får elske og kven får ikkje elske? Og kvifor slit fleire og fleire med å skape robuste relasjonar?

I ei hyperrask, digitalisert samtid, no også prega av pandemi, er det liten tvil om at relasjonane våre endrar seg. Med musikk som format er plata ein kommentar til dette, der dei legg hovudet på skakke og ser på kjærleiken frå eit litt anna perpektiv.

Kor faen blei det av Norge?! vil på kommande utgjevelser fortsetje med å ta for seg tema for tema kor dei utforskar ulike sider av kor faen det eigentleg blei av dette landet som gjekk under navnet Norge.

Ein saga om kor faen det blei av Norge


Utgitt 28. februar 2021.

Dating i det 21. århundre


Utgitt 29. oktober 2021.







plateselskapet@oliviasrekorder.no

ved Synneva Gjelland og Maria Refsland