Me, Maria Refsland og Synneva Gjelland, kom over Olivia Records i vår søken
etter musikk laga, skrive, spelt og produsert av og for damer. Etter å ha lest oss opp,
funne ut av det radikale plateselskapets mål og bakgrunn, utforska kven artistane var
og høyrt på deira tekstar og melodiar, forsto me at dette var noko for oss, og
at me ønska å gjere det samme.
Olivia Records var eit plateselskap for kvinner grunnlagt i 1973 i Washington DC
av, "10 unge radikale, lesbiske feminister som ønsker å forandre verda" som
medstiftar Judy Dlugacz uttrykte det. Olivia Records selde meir enn ein million
plater og produserte over 40 album i løpet av dei tjue åra det var i drift, og nettopp
økonomisk frigjering for kvinner i musikken var eit viktig mål. Ein ønska å ha
eit plateselskap som kunne putte pengar i lomma til skeive musikarar, produsentar,
studioteknikarar og andre involverte. "Dei leitte eigentleg etter ein sosialistisk
satsing i ei kapitalistisk verd," har Cris Williamson, ein av de mest selde artistane
hjå Olivia, uttalt.
I ei tid der det å vere skeiv var forbunde med fare for å miste familie, heim, jobb,
og til og med livet, opplevde ein at det ikkje fanst ein stad i popkulturen der dei
kunne sjå seg sjølv og sin historie representert. Olivia Records blei laga for å fremje
musikk som validerte kvinner og lesbiske sine opplevingar. Olivias grunnleggarar ønska
å putte desse erfaringane i sentrum, og gje dei skeive kvinnene ein moglegheit til å bruke
si eiga røyst. Siden 1990 har Olivia vært et reiseselskap for LGBTQ+-kvinner.
I Noreg finst det ingen plateselskap som gjer det Olivia Records gjorde.
Skeive og kvinners erfaringar er mangelvare i populærkulturen, og me treng difor
ein solid og sterk platform som kan gje legitimitet til våre perspektiv og opplevingar,
og distribuere skeiv og kvinneleg tekst og musikk til offentlegheita.
Verda treng Olivia Records, denne gongen gjenfødd som eit norsk radikalt,
skeivt og kvinneleg plateselskap - Olivias Rekorder.
Olivias Rekorder ble starta 17. februar 2021 og er det første norske plateselskapet som gjev legitimitet til skeive og kvinners perspektiv og opplevingar gjennom å distribuere skeiv og kvinneleg tekst og musikk til offentlegheita.