8. mars-samleplate fra det queerfeministiske undergrunns-Norge

- Olivias Rekorder, Femme Brutal og Ergi presenterer plata “Feminisme skal synges!”

I høve årets 8. mars har folkene bak Olivias Rekorder, Ergi og Femme Brutal gått saman om å lage eit heilstøpt fyrverkeri av ei samleplate! Etter ein open call har me fått bidrag fra både profesjonelle musikarar og folk som har slått laus på midi-keyboardet for aller fyrste gong. Med låtar i alle stemningar og sjangrar er plata eit forsøk på å samle kunst- og musikkfeltet rundt ein inkluderende feminisme. Det har vore knallrespons frå alle krikar og krokar, og me endar opp med 33 spor på samlaren. I kvinnerøyrsla og det feministiske Noreg anno 2022 er det litt av kvart som røyrer seg. Plata spenner seg frå visesong og pianoballadar til eit helvetes støy.

Sjekk ut plata her!

I fyrste spor vert stemninga sett når legendane i Halvsøstra, eit band som består av tidlegare medlemmar frå Amtmandens Døtre (eit av dei første banda i Norge som bestod av kun kvinner), opnar ballet. Dei kallar på nye stemmer som skal ta over i kampen, og det får dei!

Blant dei andre bidragsytarane på plata finn ein Intetskjønn, Bjørn Hatterud, Marianna Sangita Røe og Johanna Seim, Ohnesorg, Gutta, Annika Linn Verdal Homme og Eskil Myrvold frå Daufødt (Kim og Kams Tramp Stamp), Ingrid Frivold som FRVLDZ, Sliteneliten, Gaspard og Chiara Cavallari fra FOAMMM, + fleire kjente og ukjente frå landets skeive og feministiske undergrunn.

Det me ville med denne plata var at den skulle stå som ei markering av fellesskapet og kampgløden som ruvar i oss. Me meiner at det no - meir enn nokon gong - er viktig at røyrsla kjem saman, og me trur at musikk kan vere noko ein kan samlast rundt.

Plata er kuratert av representantane frå dei tre gruppene Ergi, Femme Brutal og Olivia, og er Ane Barstad Solvang, Synneva Gjelland, Herman Breda Enkerud og Maria Refsland!

Cover: Herman Breda Enkerud







plateselskapet@oliviasrekorder.no

ved Synneva Gjelland og Maria Refsland